Kvam bowlingklubb
Tellevikingane raida vekespotto
		<description>Fredag 3. april:
I kveld var det "freddan" i hallen i Øystese. Fire tidlegare vinnarar av vekespotto stilte opp og leverte rimeleg bra score. Tore og Brage heiv seg med på potte nr. 10 og Brage var frekk nok til å løfta scoren til 253 allereie i serie to. Men Tellevik senior trossa sterkt redusert hcp og leverte ein 255-serie i rein score. Sjølv om han har mista ein god del hcp etter forrige pottesiger så var det 20 igjen. Dermed er den nye vekestoppen på 275.
Slett ikkje sikker på om den scoren held heile vegen, men ei fin utfordring er det jo. Har ikkje høyrt eit knyst frå Voss, så der går det sikkert berre i påskebowling.
Torsdag 2. april:
Ingen aktivitet i Øystese, men Martin skviste seg inn mellom alle påskegjestene og la inn nokre seriar på Voss. Olav held ein makeleg vekestopp så langt på 243.
Onsdag 1. april:
Det var rolege tilstandar på treninga i Øystese i kveld. Lokalligalaget vårt spelte ein walk over-kamp mot Fyllingen, medan underteikna kylte nokre kuler nedover parketten. Har heller ikkje høyrt noko frå Voss så eg reknar med at det er fullt opp av påskegjester hjå Mona.
Eg får sitera Frode Oksnes under månadscupen sundag. "Bli med på potto folkens, det kostar jo ikkje meir enn ein sjokolade!"
No skal det seiast at det med sjokoladeprisen vart eit diskusjonstema då butikkane no har påsketilbod på sjokolade :D
Vel, vel... me fyrer i gang potte 10 og prisen er den same om det er påske eller ikkje; kr. 50 for ei heil veke med moro. Oppstart onsdag og avslutning tysdag. Den med den høgste enkeltserien inkl. hcp i perioden stikk av med potto.
FAKTA:
- Periode: onsdag 1. - tysdag 7. april
- Spelestad: Øystese og Voss
- Deltakarkrav: Minimum 18 år
- Pris: Kr. 50 for heile perioden
- Påmelding: send sms og vipps kr. 50 til tlf 41573625
- Heile påmeldingsavgifta går til den/dei som har høgste enkeltserien inkl. hcp. Maks 300!
- Hcp vekespotte 10:
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12628&Tittel=HCP%20potte%2010 </description>
Freddan på langfredag
		<description>Langfredag kl 18 opnar eg hallen for trening for dei som vil lufta seg litt før kvelden. Har reservert eit par banar.</description>
Vekespotte nr 9 til Tore Tellevik
		<description>Ingen seriar levert av dei registrerte i vekespotte 9 i dag. Dermed sikra Tore seg vekespotto med kanonserien som han leverte allereie torsdag. 
Eg snokar jo litt på andre spelarar enn berre dei som er med på potto og registrerer at den einaste som ville slått Tore denne veka er mystiske Charles på Voss. Han spelte ikkje mindre enn 49 seriar i perioden og ville fått 60 i hcp ut frå det han tidlegare har spelt. Onsdag smelte han til med 235 i reiin score og ville fått 295 viss han var med. Men det var han ikkje og me gratulerer Tore med pottetittelen denne veka.</description>
Frode Oksnes vinnar av månadscup for mars
		<description>Randi opna solid i førsteserien med 240 inkl. hcp, men utover i spelet tok Terje og Frode over. Begge leverte stabilt godt spel og høge seriar og det skilte berre 12 pinnar i Terje sin favør før sisteserien. Men den vanlegvis så gilde bane 4 for ikkje fint åt med formannen vår i kveld, så Frode kunne surfa inn til ein trygg siger. 
Det hadde vore kjekt med fleire deltakarar i kveldens månadscup, men dei som var der leverte tidvis strålande spel. Med sju deltakarar så vart det berre premie på vinnaren. Me gratulerer vossingen og ynskjer både han og alle andre velkomne til neste månadscup om ein månad. Men allereie 12. april er det ny månadscup på Voss.
Kampen vart overført på vår youtubekanal:
https://www.youtube.com/watch?v=P7iknTyRbiw </description>
Månadscup palmesundag - 29/3 kl. 18
Påmeldt: Olav, Svenn Rune, Randi, Frank, Terje,
I dag er siste sundagen i mars, og som dei fleste etter kvart har fått med seg så er det månadscup i Øystese kvar siste sundag i månaden. Palmesus, solsteik eller snjodetta -  månadscup vert det uansett.
FAKTA:
- Tid: Sundag 29. mars kl. 18-21
- Stad: Hardanger bowling, Øystese
- Pris: kr. 150,-
- Deltakartal: maks 16 stk
- Påmelding: tlf: 41573625
- Premiering: 1/8-del (kr. 100 per deltakar)
- Speleform: 4 seriar europeisk m/hcp
- Hcp*: Diff. mellom internt snitt og 200 - maks 75
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=12613&Tittel=HCP%20M%C3%A5nadscup... 
* Hcp for månadscup og vekespotto baserer seg på ulike datakjelder og er difor ulike
- Streaming: https://www.youtube.com/@KvamBowling </description>
Martin og Trond nr. 1 i dbl og Gaute på topp i sgl på Voss
		<description>Ti medlemer frå Kvam bowlingklubb deltok i vossabyggmeisterskapen palmefredag, og dei forsynte seg grovt av premiebordet. I dobbel vart det finalespel mellom Martin/Trond og Frode S/Frode O. Det vart ein jamn kamp, der Martin og Trond drog det lengste strået. 
I singelspelet vart det også stor dominans av kvammamedlemer. Det vart ein spanande semifinale der Gaute opna med to splitthol på dei tre første rutene, men kjempa seg fram med seks strike som avslutning i kampen mot Andreas som på si side klarte å ta ein 7-10-splitt i rute 8. Tore leia semifinalen frå start til mål, men i finalen mot Gaute hadde han ikkje meir å gje og måtte bøya seg i støvet for Gaute som gjekk heilt til topps.
Dobbeltparet Gaute og Lars SP stilte med kveldens suverent stiligste speleantrekk.
Bilete viser fire blide semifinalistar klare til dyst. 
- Fotograf: Frode Oksnes</description>
Kvam - Skansen2: 4-0 (veteranliga)
		<description>Dette var kampen som skulle avgjera kor neglebitande nedrykksstriden skulle bli. Skansen2 låg 3 poeng bak oss på nedrykksplass før denne kampen og det var 4 poeng å spela om, så eit tap 1-3 ville kanskje sendt oss ned i 5. divisjon. Men kvemmingane spelte sin beste kamp for sesongen og knuste Skansen med nesten 200 pinnar i kvar serie. 
TABELL 4. DIV:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1656&sesong=2025&runde=0 </description>
Hugs årsmøte i dag (26. mars) kl 17.00
		<description>Det vert styremøte i forkant og utsatt veterankamp rett etter årsmøtet.</description>
Martin vinnar av vekespotte nr. 8
		<description>- Du må opne artikkel og klikke på ill. for å få den lesbar.
Håkon prøvde seg med nokre seriar siste vekespottedagen, men Martin stod imot og sikra seg vekespotto nr. 8. Potto hadde bra deltaking denne runden så det svevar kr. 550 digitale kroner via vipps til den sympatiske vossingen. Me gratulerer! 
Hugs å bli med på vekespotto nr. 9 som startar onsdag 25. mars.</description>
Frank vinnar av vekespotte nr. 7
For moro skuld og litt for å visa at alle kan toppe potta uansett nivå, har eg tatt med alle dei høgste seriane i perioden på dei spelarane eg har namn på både på Voss og i Øystese. Så der ser du kvar du ville ha enda med dine seriar i vekespotte nr. 7.
Sjekk hcp-lista for vekespotte nr. 8 og gje meg ei melding viss du ikkje er oppført der - dette gjeld spesielt vossingane. </description>
Hans Erik vinnar av månadscup på Voss
Det er to særs viktige treningsfaktorar innan all idrett; teknikk og presisjon. For å forbetra teknikken treng ein hjelp og gode råd av dei som veit betre. Når det gjeld presisjon så handlar det mykje om mengdetrening. 
Eit godt døme på resultat av mengdetrening fekk me i månadscupen på Voss. Hans Erik Bjerkelund har den siste månaden spelt opp mot 100 seriar. I går fekk han betalt for dette då han heldt sparemissane nede på eit minimum. Kombinert med ein god dag på parketten enda han opp med ein klar siger sjølv om Gaute som næraste utfordrar spelte over 230 i snitt.
Månadscup på Voss open for alle!
		<description>Voss bk har endra påmeldingskrava til månadscupen slik at den no er open for alle. Underteikna skal oppover og har plass til tre stk.
Den andre månadscupen på Voss vert arrangert sundag 15. mars kl. 11:15. Voss bowlingklubb har årsmøte i forkant av turneringa (kl. 10). 
FAKTA:
- Tid: Sundag 15. mars kl. 1115
- Deltakarkrav: Ingen
- Stad: Voss bowling
- Påmelding: sms til Lars S. Pedersen tlf. 92482341 
- Maks 20 stk (førstemann til mølla)
- Pris: kr. 300
- Speleform: 4 seriar europeisk m/banebyte etter kvar serie
- Handikap: Intern hcp-liste</description>
Kvam - Sølvkula2: 4-0 (veteranliga)
		<description>Ny kjempekamp av veteranlaget vårt i kveld og ny 4-poenger. Med 3 poeng ned til nedrykksstreken treng me i verste fall 5 poeng på dei to siste kampane for å vera sikre på å behalda plassen i 4. divisjon. Så plassen er ikkje så trygg som underteikna trudde.
Vossabyggmeisterskapen i singel og dobbel
		<description>Palmefredag 27. mars vert det ny runde med VM på Voss. Rett før jul deltok Njål, Gaute og underteikna i denne kveldsturneringa og kan trygt melda at dette er ein bowlingkveld ein gjerne tek omatt. Fantastisk stemning heile kvelden der spelarar og publikum verkeleg var engasjerte i det som gjekk føre seg på parketten.
Frank vinnar av vekespotto nr. 6
		<description>Tysdag 10. mars:
Berre Martin gjorde forsøk på å henta inn vekespotto nr. 6 på den siste teljande dagen. Tretten seriar vart spelt utover ettermiddag/kveld på Voss, men potto vart aldri trua. Dermed kan Frank notera siger nr. 2 i den seks vekers gamle pottekampen.</description>