Kvam bowlingklubb
7-3 til Kvam mot Fyllingen
		<description>- (opne artikkelen og klikk så på ill. for detaljar) 
I kveld tok våre to lokalligalag imot kvart sitt Fyllingen-lag. Kvam1 var dei som kom best ut av duellane med ein knusande siger 5-0. I 2. divisjonskampen var det jamnare kamp der Fyllingen såvidt klarte å redda totalen etter å ha havarert i sisteserien. 
På førstelaget var det Andreas som vart dagens mann 1 pinne frå par (799). Gaute coacha både underteikna og Andreas på meisterleg vis, men sleit ein del sjølv ut frå det han ynskjer og pleier å levera. På andrelaget var Reidar atter ein gong bestemann med 661.</description>
Frode Oksnes vinnar av månadscupen for oktober
		<description>Tolv spelarar meldte seg på oktoberutgåva av månadscupen i Øystese. Og det vart jamnt som tykjen mellom alle spelarane. Ti pinnar skilte topp 3 i kveld. Etter halvspelt cup (2 seriar) hadde Kristoffer Hjartnes og Tom Aasen skaffa seg ei luke til resten av gjengen, men den vart spist opp og vel så det. 
Frode Oksnes hadde ein jojo-tilværelse, men scoren var likevel sterk nok til å klatra heilt til topps etter ein solid sisteserie på 226. Olav Ludvig såg også ut til å leika med jojo og kom 7 pinnar for kort mot Frode. Tre pinnar bak Olav Ludvig enda månadscupspesialisten Tom Aasen medan Kristoffer Hjartnes enda på 4. plass etter halvtanna års kvile.
LIVESTREAM:
https://www.youtube.com/watch?v=rXA5yS6Fft0 </description>
Gratulera med rund dag Olav Røyrvik
		<description>Kvam Bowlingklubb ønske å gratulera vår ildsjel Olav med den store dagen i dag 23 Oktober.Takk for alt du har bidratt med i Hardanger Bowling.Ha ei fin feiring i Ålesund.Med helsing fra oss bowlere i Hardanger</description>
Månadscup sundag 25. oktober kl. 18
		<description>FAKTA:
- Tid: Sundag 25. oktober kl. 18-21
- Stad: Hardanger bowling, Øystese
- Pris: kr. 150,-
- Deltakartal: maks 16 stk
- Påmelding: tlf: 41573625 eller på bowlingres
- Premiering: 1/8-del (kr. 100 per deltakar)
- Speleform: 4 seriar europeisk m/hcp
- Deltakarkrav: Ingen krav om lisens
- Hcp*: Diff. mellom internt snitt og 200 - maks 75 
(opne artikkelen og klikk på illustrasjonen) 
- Påmeldt: 
Kristoffer Hjartnes (56), Kenneth Hodel-Olsen (4), Randi Hansen (53), Olav Ludvig Haabrekke (40), Svenn-Rune Hansen (26),  Frode Oksnes (37), Tom Aasen (32), Terje Høysæther (45), Atle Barane (57), Tore Tellevik (21), Olav Røyrvik (44), </description>
Medlemsmøte med Saker fra Styremøte
		<description>Søndag 25 oktober Kl 16.30 til 17.45, blir da avholdt medlemsmøte i Kvam Bowlingklubb.Møte tar for seg saker fra styremøte.Etter møte er det klart for Månadscup for oktober.</description>
Nytt fra Styret i Kvam Bowlingklubb
		<description>Styret i Kvam Bowlingklubb har fastsatt ny tid for treningstider i Hardanger Bowling. Alle treninger starter no opp Mandag og Onsdager Kl 18.30 til 21.00.Mandager med 2 heimekamper går treninga ut.Referat fra siste styremøte står til Oppslag i hallen.</description>
Martin Istad vinnar av Hardangercideren
		<description>Hardangercideren kolliderte i år med landsligahelg og me mista nok ein del deltakarar grunna dette, men sjølv med eit heller beskjedent deltakartal på 20 stk, så vart det likevel spelt mange seriar. Samla vart det spelt 50 startar og den som spelte den aller beste starten både med og utan hcp var Martin Istad. Me gratulerer vossingen med sin første siger i ei offisiell NBF-turnering og takkar både deltakarar og hjelparar for innsatsen.
BOWLINGRES:
https://www.bowlingres.no/turneringer/2026/hardangercider2026 
LIVESTREAM: 
https://www.youtube.com/@KvamBowling 
FRANKS BOWLINGSIDER (referat):
https://sites.google.com/view/vekespotto/innimydlo </description>
Bra poengfangst i lokalligaen
		<description>Begge lokalligalaga våre hadde heimekampar i dag. BBC2 gjesta vårt andrelag medan stordingane var på langtur for å duellera med Kvam 1. Me stilte mannsterke med 4 mann på førstelaget, tre på andrelaget og Dag som suste rundt om og heldt banane i flyt.
Det var mykje bra, men også mykje vekslande speling. Fleire av spelarane i dei to kampane varierte med opp mot 100 pinnar frå beste til dårlegaste scoren. Fred Larsson på Stord var den som fekk den største differansen med 137 pinnar. 
Andrelaget vårt spelte ein ganske jamn kamp mot BBC2 der kvar serie vippa i kvemmingane sin favør. Både Terje og Olav Ludvig hadde ein god dag på parketten. Olav Ludvig kombinerte med ein start i quarten og spelte seg opp på andreplass.. Førstelaget hadde Gaute i storslag som nesten på eiga hand sørga for at me vant 3-2.
TABELL 2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2026&Id=1698 
TABELL 1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2026&Id=1697 
AVLYST MÅNADSCUP I DAG
		<description>Ronaldo har inntatt Noreg og folk går bananas. Dette går også ut over påmeldinga til kveldens månadscup. For at ikkje folk skal starta opp bilane og køyra lange vegar for å møta stengte dører, vel eg å kanselere cupen og sende ut epost til dei eg har på lista mi. Me var to stk påmeldt og dei har eg snakka med.</description>
Gaute med kanonspel i quarten
		<description>Ja, ja... sånn kan det også gjerast. Vår fantastiske ungdom Gaute bestemte seg for å trilla nokre kuler nedover parketten ein tidleg laurdagskveld. Etter tre moderate (!) oppvarmingsrundar på 633 kasta han seg med i septemberkvarten. Denne helga er det ungdoms-NM i Trondheim, eit NM som nok Gaute hadde meldt seg på om det hadde høvd slik. Så kvifor ikkje visa gjengen der oppe kva dei gjekk glipp av? 
I kveldens quart opna Gaute med 7 strike før ein 4-10-splitt bremsa han litt opp. 256 i serie 1 og blikket var retta framover. I serie 2 henta han 10 strike miksa med ein spare og ein ny split og enda på 244. Etter to seriar hadde han 498 i rein score og, - sjølvsagt har Gaute berre rein score 🤣. Ein 200-serie til slutt ville vera meir enn nok til ny september-topp, men her var det ikkje snakk om å bremsa. Sisteserien vart utan split, men med berre (?) 8 strike enda han på 246 og solide 744 totalt. Det blir 248 i snitt over 3 seriar.
Har du lyst på speletips så kan du studere streamingen frå kveldens økt. Eg rakk jo ikkje å fyra streamen i gang før han var nesten ferdig med førsteserien 😆
- STREAMING:
https://www.youtube.com/live/8qP6WiooLFA?si=0ivJ17fdMn76GJXE 
- SEPTEMBERKVARTEN:
https://sites.google.com/view/vekespotto/septemberkvarten </description>
Ny Veteranliga kamp Onsdag 16 september Kl 18.00
		<description>Onsdag 16 september er da klart for ny kamp i Veteranliga.Denne gongen er da Sølvkula 2 som er motstander.Sølvkula fekk 1 poeng mot Hallingkast 2 i første kampen forrige Onsdag.Finn tar ut laget som skal prøva å ta poeng.Da er også trening til samme tid.</description>
Seier med 4-1 til Kvam 2 mot Døve
		<description>Då vart da seier i første heimekampen i 2 divisjon mot Døve i kveld.Da vart ikkje heilt da store resultatet med ein anna olje profil som var 42 fot.Reidar var den som takla den best.Så oss som ikkje heilt fekk det til,må nok trena litt meir på denne olje profilen.Velkommen til trening på Onsdag</description>
Kvam - Røros
		<description>Kampreferat:
https://sites.google.com/view/vekespotto/innimydlo#h.1og7rtrfedpa </description>
Veteranliga start Onsdag 9 september 
		<description>Då er da klart for for 1 kampen i veteranliga 4 divisjon for Kvam.Me håper at mange stiller til kamp og trening i morgon Onsdag 9 september kl 18.00.Kvam møter Røros i morgon.HUSK å betale lisens. Vel møtt  </description>
Tom vinnar av månadscupen igjen
		<description>Tom Aasen har verkeleg fått dreisen på månadscupane i Øystese. Sjølv med redusert hcp sneik vossingen seg inn på topp. Finn fekk problemer med gnagsår og måtte gje seg før sisteserien.</description>