Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

To knepne tap i lokalligarunden

28. okt. 2019, 22:25 av Frank Tangen

Kvam2 tapte 2-3 mot Nygård1 i Øystese medan førstelaget vårt leid same skjebne mot Åsane2 på Sandsli.

På førstelaget overbeviste junioren Gaute med ein ny knallsterk runde på Sandsli. Det skal bli kjekt å vera på lag med ungdomen i KM for lag om nokre veker. Ove er også tilbake i godt gamalt gjenge. Underteikna opna bra, men gjekk i kvilemodus litt for tidleg.

På andrelaget var det tid for rullering av spelarar. I og med at me berre har to lokalligalag i år så er det nok viktig å bruke andrelaget som eit farmerlag der alle får delta - sjølv om me per dato ligg på opprykksplass og dermed kanskje kunne hindra at det vert 4 - les fire - Åsane-lag i 1. divisjon neste sesong.

ÅSANE2 - KVAM1: 3-2
https://www.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=102843

KVAM2 - NYGÅRD1: 2-3
https://www.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=102907