Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Nytt glimrande lag-KM av Kvam

21. nov. 2019, 17:29 av Frank Tangen

Ove, Gaute og Olav Ludvig vann klasse AB under fjorårets kretsmeisterskap for lag. Då hadde dei ikkje høve til å spela sjølve finalespelet om KM-tittelen. I år var både Ove og Gaute på ny på plass for å forsvara sigeren i klasse AB, men Olav Ludvig var byta ut med underteikna.

Og den yngste og eldste i laget vårt stod verkeleg for eit solid spel. For meg var det berre å prøva å henga med så godt eg kunne. Den eine klubbrekorden etter den andre rauk etter kvart som turneringa skreid framover. Før siste serien i innleiande spel var Kvam på 1. plass i klasse AB, men ein kanonserie av Fyllingen1 gjorde at me måtte ta til takke med sølv i klasse AB i år.

Kampen om KM-tittelen skulle avgjerast med stegfinalar mellom dei fire beste laga uansett klassar og utan hcp. Kvam kom inn som lag nr. 4 og møtte Åsane5 (familien Kjær) i første stegfinale. Kampen vart særs jamn og spanande og vart ikkje avgjort før i siste ruta. 628 pinnar til oss mot 603 til Åsane5 og me var klar for å møta Mascot1 i neste steget. Sjølv om Gaute kjempa tappert i tet og me spelte inn 651 pinnar så heldt ikkje det mot Mascot1 sine 702. Dermed vart det publikumsbenken for oss i siste steget der Mascot1 sikra seg KM-tittelen med 641 pinnar mot Fyllingen sine 624.

Ein lang sundag i Sandsli-hallen var omme og tre slitne kvammaspelarar kunne siga heimover med tilfredse smil rundt munnen. Gaute vart nest beste spelar i turneringa med eit samla snitt på 227,1 fordelt over åtte seriar (6 innleiande og to finaleseriar). Erik Alrek frå Fyllingen toppa med 227,5 i snitt på sine sju seriar. Ove spelte 214,2 og underteikna 200,4 fordelt på våre åtte seriar.

Oppsummert vart me nr. 2 i klasse AB og nr. 3 i stegfinalen om KM-tittelen og eit lagsnitt på 213,9 over 8 seriar (5133 pinnar).