Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Modell for nytt rankingsystem for månadscup

26. nov. 2019, 11:45 av Frank Tangen
ScreenShot007.jpg

Våre gamle nettsider går på overtid og vert lagt ned om nokre veker, Då forsvinn også rankingsystemet som me har bygd opp. På medlemsmøte i går vart det einigheit om å ta utgangspunkt i NBF sin ranking når me vel vidare modell for månadscup og kjegletrim.

Alle spelarar som har lisens og har spelt minst ein serie denne sesongen er registrert både med rankingpoeng og snitt på NBF sine sider. Me har fleire moglegheiter når me no tenker å leggja om vårt system til å bruka NBF som grunnlag.

DYNAMISK
ranking vert henta ut frå resultat per dato

HALVÅRS
ranking vert baset på resultat per 31. mai eller 31. desember

Uansett kva tidsperiode me vel så har me også valet mellom å byggja på NBF sin rankingscore eller på NBF si snittliste. Forskjelen på desse to er at det tar lengre tid å flytta seg mellom klassar via rankingscore.

Viss me vel å basera vår ranking på NBF sin rankingscore så vert spelarane gruppert i ulike klassar der kvar klasse får x tal pinnar i hcp.
Klasseinndelinga til NBF er slik:

Klasse A: over 1850
Klasse B: 1550 til 1850
Klasse C: 1350 til 1550
Klasse D: 1250 til 1350
Klasse E: 1150 til 1250
Klasse F: under 1150

Byggjer me vårt rankingsystem på NBF si snittliste så har me same moglegheit til å dela spelarar inn i klassar, men i tillegg har me høve til å fordela hcp direkte ut frå snittet på spelarane - til dømes 60% av differansen mellom 210 og det snittet du har på NBF (det er den rankingen me brukar under Hardangersideren).

I matrisa øvst i artikkelen har eg lagt inn klassar og det hcp kvar og ein vil få alt etter kva gruppe me vel (A-E) basert på snitt og ranking spelarane har per dato.