Kjegletrimmen 2019
Gaute er stadig inne og flørtar med 300-serien. Torsdag vart det 279 i eine serien i Kjegletrimmen. Ein spare i rute fem øydela for den perfekte serien. Elles så klatra Helge oppover tabellen med to gode kort på torsdagstrreninga.
REGLAR
- Turneringa har same handicapsystem som månadscupen
* For alle som har lisens i NBF er hcp differansen mellom 200 og snittet i NBF per dato
* For ein del av våre medlemer og elles aktive spelarar som ikkje har NBF-lisens er det lagt ut ei liste i hallen som viser hcp for dei aktuelle spelarane.
* Viss ikkje spelaren har NBF-lisens og heller ikkje står på lista i hallen, vil vedkomande få 75 i hcp per serie (225 per kort).
- Hcp i finalen vert snittet av hcp på dine tre beste kort.
- Kvalifisering fram til og med 28. desember
- Finale 29. desember kl. 14.00 mellom dei 7 beste + den spelaren som har spelt flest kort.
* Speleform: PP-finale.
* Det vil seia at alle skal spele ein kamp mot kvarandre. Siger gjev 20 bonuspoeng, uavgjort gjev 10, rein serie lik eller over 200 gjev 5 bonuspoeng og rein serie lik eller over 250 gjev 10 bonuspoeng. Elles så er det pinnefall inkl. hcp som avgjer resultatlista.
- PRIS: kr 30 per kort pluss ordinær pris for seriane (finalespelet er gratis)
- Du kan kjøpe så mange kort du vil.
- Dei tre beste korta (9 seriar) dine vert teljande for finalen.
- Har du starta på eit kort må dette kortet fullførast (alle tre seriane må spelast fortløpande).
- Heile påmeldingsavgifta (kr 30 per kort) går til premiar