Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute med bestemannspremie (kr. 1000) i klasse C på Stord

22. des. 2019, 22:24 av Frank Tangen

Ove, Gaute og Frank deltok i Sunnhordland Sweapen på Stord denne veka. Onsdag spelte trioen sine seks første seriar. Gaute valgte å spela i juniorklassen på Stord og enda til slutt på 2. plass bak Thomas Hodel-Olsen Ørevik frå Åsane. Men Gaute vart beste C-spelar i turneringa og sikra seg dermed eit fint julegratiale.

I seniorklassen var det underteikna som "spiste kirsebær med de store" denne gongen. Ove fann ikkje heilt ut av banane verken på onsdagsstarten eller i dagens siste pulje og enda på 14. plass, men det heldt til 3 championatpoeng.

For meg gjekk det bra både i starten onsdag og i dag. 1312 og 1302 var begge gode nok resultat til å nå finalen (topp 6). Etter innleiande låg eg på 4. plass og slapp dermed første steget i stegfinalen. Der var det stordabuane Arne Strandenes og Torleif Sælen som duellerte. Arne spelte 248 mot Torleif sine 202 og dermed var det klart for mine kuler på parketten. Tre raske strike i opninga av underteikna gjorde susen og eg klarte å halda Arne på avstand resten av serien som enda med 213 til meg og 206 til Arne.

I neste steget var det ein av mange gode unge Cross-spelarar som var utfordringa. Sindre Eike Karlsen var 4 pinnar betre enn meg i innleiande rundar og sikra seg dermed tusingen som beste B-spelar. I kampen mot meg vart det einvegskøyring. Eg missa på spare og sette splittar medan han rulla strike på strike. Det er kjekt å sjå den energien desse ungdomane har i sine kuleleveringar. Kjeglene fyk som villmenn anten ein treff bra eller er litt ute og køyrer. Det enda med 225 pinnar til Sindre og 167 på meg og snipp snapp snute så var Frank ute.

Sindre måtte gje tapt for Cross-spelar Ronny Lygre med 188 mot 216 i neste steg. Ronny vann også siste steget mot stordabuen Ruben Hansen Sælen. Siste steget gjekk over to seriar der Ronny spelte 163 og 234 mot Ruben sine 170 og 207.


https://www.bowlingres.no/turneringer/2019/sunhordland_sweapen/#tab/Resultater