Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute suveren i Kjegletrim-finalen

29. des. 2019, 20:06 av Frank Tangen
ScreenShot026.jpg

Gaute viste igjen at han verkeleg har tatt steget opp til dei store denne sesongen. Sjølv med 0 i hcp leia han med meir enn 100 pinnar etter to seriar. Etter fire seriar hadde han eit snitt på 242,5. Etter eit par slurveseriar opna han dog opp for litt spaning i siste kampen mot Olav Røyrvik.

Viss Olav vann over Gaute med 4 pinnar i rein score ville senioren lura ungdomen for kveldens store pott, men sjølv om Olav spelte ein kanonserie og vann kampen (inklusiv hcp), så heldt det ikkje mot kveldens stormeister. Gaute kunne dermed plussa på huskontoen med 1000 blanke kroner medan Olav tok smulane som vart igjen (kr 320). Me takkar alle deltakarane for atter ein spanande Kjegletrim.

No vil nok dei fleste kvila kulene til over nyår, men Ove, Gaute og underteikna tek turen til Sandsli i morgon for å setja press på Olav Ludvig i Mascot open.