Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Junior-NM i gang

24. jan. 2020, 21:15 av Frank Tangen

Då er junior-NM med Gaute Ø Melstveit og Sebastian Skaar i gang i Trondheim. Dei første puljene vart spelt i dag. I morgon er det to puljer; ei klokka 0900 og siste puilja før mellomspelet klokka 1200 der våre spelarar deltek. Gaute og Sebastian spelar dobbel saman og startar på bane 3 og deira seks innleiande seirar tel både som kvalifisering for vidare spel og i dobbel.


NBF skal prøva å få til livestreaming frå og med første laurdagspulja. I tillegg er det livescore der du kan sjekke poengsummen til spelarane for kvart kast. Både Sebastian og Gaute deltek i klasse eldre gut (16-18 år) og kjempar med 21 andre om dei 16 semifinaleplassane i klassen. Under finn du lenke direkte til livescore. Me kjem også til å legga ut lenka til livestreaming så snart den er klar.

Me ynskjer begge våre lukke til i Trondheim!

LIVESCORE:
https://livescoring.lanetalk.com/?uuid=042c6478-26ff-11e5-a180-0050569337ac&fbclid=IwAR0CvWKAWaR8u8iXqKWq1Vzu8yB20Cw4Drk8e9pPIPHgMRUYpaI6va5d1hk