Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kjegletrimmen 2020 er i gang

2. des. 2020, 00:01 av Frank Tangen

Tradisjonen tru vert det kvalifisering i kjegletrimmen så snart desember starta opp. Første kvelden var det fem spelarar som prøvde seg på kveldens utfordrande profil (lagt av Gaute). Olav var den som kom best ut av det, men det er mange kort igjen å spela før finalen sundag 3. januar.

Som før så er det fritt fram å spela så mange kort du berre vil i løpet av desember månad. Kvart kort kostar kr. 30 og inneheld tre seriar. Heile påmeldinga går til premiering. I tillegg til kortprisen betalar ein sjølvsagt ordinær seriepris.

Dei tre beste korta vert teljande og dei 7 beste + den med flest kort vert med i finalespelet. Handicap er den same som i månadscupen - differansen mellom spelaren sitt snitt på NBF og 200 per serie.

Viss du har planlagt speling, så legg dette inn i kalenderen slik at andre også kan kasta seg med.