Kjegletrim per 31. desember
Framleis skje rdet mykje i kjegletrimmen. Spelarar fyk ut og inn dag etter dag. No er me godt inne i siste døgnet med kvalifisering og det er vel tvilsomt om det er fleire endringar på gang. Det er tre spelarar som ikkje har fullført tre kort og dermed heller ikkje vert teljande som deltakarar i samband med premieringsmalen på 1/6. Det vil seia at det vert 1. og 2. premie i turneringa. Totalt er det kjøpt 102 kort og 100 av desse er fullført. MEN det er framleis nokre timar igjen av 2020 så kanskje einkvan tek turen innom hallen for å leita etter kalkuner der?
FINALE:
- Sundag 3. januar kl 1400
- Profil: Main Street (prg 4)
- Hcp.: Kombinasjon av NBF og kjegletrimsnittet ditt
- Premie: 1/6 - dvs to stk slik deltakarlista er no
For dei som ynskjer å lesa litt om ulike typar oljeprofilar og korleis slike kan angripast, så finn de god info i vedlagt artikkel (diverre på bokmål). Den ligg også inne under menyvalet "Dokumenter" til venstre.
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=9967&Tittel=OljeprofilForklaring