Månadsstigen - Frank stakk av med alt i januar
Då var januar omme og første månad i månadsstigen unnagjort. Frank sitt flaksespel frå opningsdagen 21. januar heldt heilt inn så sniken lurte til seg kr. 500 i gåvekort for 10 dagar på topp i tillegg til kr. 500 i cash for topp ved månadssnu. Totalt vart det spelt 21 kort á kr 75. Så får me håpa at det vert fleire om beinet når februarrunden startar.
Me må få i gang noko anna aktivitet enn berre lausspel. Difor startar me no eit spel kalla månadsstigen. Denne vil rulla heile året med nullstilling ved kvart månadsskifte. Me startar opp prompte sjølv om det ikkje er så mange dagane igjen av januar. Her ser du opplegget (ingen NBF-turnering dette):
- Kr. 75 for tre seriar (eitt kort)
- Hcp: Diff. på NBF-snitt og 200
- Premie:
1. Tal dagar på topp x 50 (gåvekort)
2. kr. 500 til den som toppar ved månadsskiftet
* DØME: Viss du har spelt til dømes 710 på eit kort (tre seriar) og det går 10 dagar før nokon klarar å slå deg, vil du få eit gåvekort på 10 x 50 = 500 kroner.
- Nullstilling ved månadsskifte
- Midnatt vert rekna som døgnpassering
- Du kan spela så mange kort du vil
- Spelte kort skal daterast og attesterast