Ny leiar av månadsstigen
Terje sin superseire på 687 heldt nesten ei veke før nokon klarte å slå den. Torsdag prøvde Dag, Olav og Olav Ludvig å dytta formannen ned frå trona, men sjølv med eit kjempekort på Olav vart det nokre pinnar for lite. Aktiviteten for oss medlemer er særs laber for tida. Me får skulda på smittesituasjonen, men eg er litt usikker på om det berre er det. Men jaffal gjorde Olav Ludvig og underteikna eit nytt forsøk på å skvisa Terje utfor kanten, og i dag lukkast det; 242, 258 og 231 gav 731 for underteikna som dermed igjen tronar øvst på månadsstigen.
FAKTA PER 13. MARS:
- Det er spelt 8 kort á kr 75 fordelt på fem spelarar
- Maks score: 731
- Gåvekort: Finn 4x50, Terje 5x50, Frank ?x50
**********
- Kr. 75 for tre seriar (eitt kort)
- Hcp: Diff. på NBF-snitt og 200
- Premie:
1. Tal dagar på topp x 50 (gåvekort)
2. kr. 500 til den som toppar ved månadsskiftet
-----------------
NYTT FORSLAG TIL pkt. 2:
2. kr. 250 i gåvekort til den som toppar ved månadsskiftet
-----------------
* DØME: Viss du har spelt til dømes 710 på eit kort (tre seriar) og det går 10 dagar før nokon klarar å slå deg, vil du få eit gåvekort på 10 x 50 = 500 kroner.
- Nullstilling ved månadsskifte
- Midnatt vert rekna som døgnpassering
- Du kan spela så mange kort du vil
- Spelte kort skal daterast og attesterast