Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kveldspotto

3. mai 2021, 21:22 av Frank Tangen
kveldspotto.png

Nyvinninga Kveldspotto vart fyrt i gang i kveld. Fire ivrige sjeler putta hundre kroner kvar i potto og køyrde maratonspel mellom klokka 18 og 20 for å sikra seg høgste serien.

Potto fungerer slik at den som spelar høgste serien inkl hcp stikk av med innhaldet. Olav Røyrvik gjekk hardt ut frå start med 224 pinnar. Så forbetra han resultatet til 233 pinnar med miss på tiarkjegla i rute 10. Eitt par seriar seinare var underteikna frampå og løfta scoren med ein pinne til 234.

Så gjekk det nokre seriar med intens speling på fire banar. Frank på bane 1, Olav på bane 2, Olav Ludvig på bane 3 og Terje på bane 4. Men i sjette serien for kvelden fekk Frank full klaff og enda på 259 pinnar.

Dette resultatet stod seg utover kvelden, men Terje gjorde to knallgode forsøk der han berre trong strike i førstekastet på tiarruta for å setje ny dagens, men begge forsøka enda i splitt. Dermed kunne underteikna ta innhaldet i potta med seg heim.

Neste kveldspotte vert onsdag frå kl 18 til 20.

REGLAR:
Kveldspotto er spel og leik med litt alvor innimydlo. Kvar spelar blar opp kr. 100 og den med høgste enkeltserie inkl hcp stikk av med kveldens pott. Betaling av tal seriar kjem i tillegg. Du kan spela så mange seriar du orkar frå kl 18, men teljande serie må vera starta på seinast kl 20.
Påbegynte seriar må fullførast før ny serie kan starta opp.