Kveldspotto har hengt seg opp
5. mai 2021, 21:51 av Frank Tangen
I kveld vart det tett på parketten når heile åtte spelarar kasta seg med i kampen om kveldspotto. Dag gjekk kraftig ut frå startblokka med først 214 i serie 1 og så forbetra han toppen til 229 i serie 2.. Dermed var standarden satt og resten av kobbelet måtte ta opp jakta. Igjen var det underteikna som skippa Dag av trona med ein serie på 234. Sist måndag var det minst fem seriar over denne scoren, men i kveld stod den seg heilt ut. Så for andre kvelden på rad kunne Frank plukka med seg potta. Onde tunger ymta frampå om at ein eksklusjon er på gang...