Kveldspotto går solo
10. mai 2021, 23:00 av Frank Tangen
I kveld lanserte Kveldspotto løysinga for alle gamblarar som øsar sårt opptente midlar ut vindauga. Gå solo! Då kan du satsa så mykje du vil og vera garantert å få minst innsatsen igjen. Og sidan det vart ein solokveld i pottesamanheng så høyna eg innsatsen til kr. 1000 - for liksom å få ein litt gjevare premie. Og jaggu heldt det stikk. Med 237 som beste score kunne eg ta tusingen med heimatt, men den kunne fort ha forsvunne viss Terje (249) eller Finn (262) hadde kasta seg med i pottekampen...