Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Taktikarane i delt leiing i Duoen

12. mai 2021, 20:34 av Frank Tangen
ScreenShot017.jpg

Det er ikkje heilt enkelt å halda styr på kven dei ulike laga er, men det går seg nok til litt etter kvart. I kveld var Taktikarane satt opp med to kampar. Om dei valde eit taktisk grep eller om det berre var tidsklemma som gjorde det er uvisst men dei spelte jaffal berre den eine kampen - og den vann dei 3-1 mot Strikarane.

Dermed måtte Teknikarane klara seg med ein treningskamp i staden for den oppsette kampen mot Taktikarane. Og kanskje gjorde Taktikarane rett i sitt taktiske grep, for Gaute hjå Teknikarane smurte like godt til med 288 etter å ha banka inn 10 strake strike før splitten kom i andre kastet i tiarruta.

Kampen mellom Strikarane og Taktikarane var særs jamn og vart avgjort i tiarruta i både første og andre serien. I avslutningsserien tok Reidar og Olav kommandoen, men sjølv med ein solid sluttspurt kom Strikarane 3 pinnar for kort til å ta totalen.

Når to kampar er spelt så ligg Skruarane og Taktikarane på topp med 3 poeng, medan Spararane og Strikarane deler 3. plassen. I neste runde 19. mai er det satt opp fire kampar: to klokka 17 og to klokka 19.