Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Solid opningskamp av Teknikkarane

18. mai 2021, 23:13 av Frank Tangen
duores.png

Finn og Gaute tok kommandoen frå første kule i kveldens duokamp mellom Tenknikkarane og Taktikarane (Håkon og Terje). Finn var i retteleg godlage og sjølv om turneringsleiar måtte redusera hcp hans så var han likevel suveren i første runde. Han er den einaste som har klart over 200 i snitt - og han gjorde det like godt i alle tre seriane.

Men sjølv om Teknikkarane vann kveldens kamp 3-1, kan Taktikarane overnatta på topp av tabellen med sine totalt 4 poeng. Men onsdag kjem resten av kobbelet susande, så me får sjå kor lenge dei karrar seg fast på topp.