Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Mykje bra speling i Duoen

19. mai 2021, 22:20 av Frank Tangen
ScreenShot025.jpg

I kveld var det fire kampar i duo-turneringa. Og det var både klassespeling og skikkeleg traurige saker. Finn brukte visst opp alt krutet i går og fekk lite til i dag, men makker Gaute var i form og plukka jamt med seriar over 200.

Som lag var det Strikarane med Reidar og Olav som absolutt imponerte mest i kveld. Dei vann begge sine kampar 3-1 og ligg no á poeng med Skruarane (Dag og Olav Ludvig) på 2. plass. Taktikarane (Håkon og Terje) fekk som sagt overnatta på topp, men måtte ta til takke med eitt fattig poeng i dagens kamp.

Spararane har spelt berre to kampar, og den siste med halvt mannskap då halve laget måtte melde fråfall i dag.

Tabell Kampar Pinnefall Poeng
Teknikkarane 3 3445 8
Skruarane 3 3784 7
Strikarane 3 3650 7
Taktikarane 3 3545 5
Spararane 2 1835 1