Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Frank nr. 2 i Championatfinalen

6. juni 2021, 14:46 av Frank Tangen
championat.png

Sundag 6. juni vart årets championatfinale arrangert på Vestkanten. Dette er ein finale mellom dei som har gjort det best i alle kretsens turneringar sist sesong. I fjor vant Gaute heile finalen i klassen herrer senior - ei bragd det er vanskeleg å kopiera. I år var ikkje ungdomen kvalifisert for finalespel, og underteikna måtte prøva å forsvara kvammadrakta.

I herreklassen var det seks finalistar der alle spelte ein kamp mot kvar av dei andre finalistane. Så fekk ein bonuspoeng for siger og bonus for seriar over 200 i tillegg til pinnefallet.

Underteikna opna knallhardt med 234 og siger mot Karsten Lorentz frå Stord i første kamp, 235 men likevel tap mot Kenneth Hodel-Olsen frå Åsane i kamp to, så vart det på ny stigning opp til 237 og siger mot Alexander Larsen frå Mascot, før eg avslutta svakt med 182 men likevel siger mot Preben Hodel-Olsen (Åsane) og 193 og tap mot Bjarte Haugen frå Fyllingen.

Alexander Larsen vant finalen, Frank nr 2 og Bjarte Haugen nr. 3.
Sylvia Ingebrigtsen vant dameklassen foran Camilla Heggland. Emilian Revheim Haugland vant juniorklassen.

Foto: Terje Sivertsen - montasje: Frank

Komplett resultatliste på
https://www.bowlingres.no/turneringer/2021/championat_finale/#tab/Resultater />