Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute og Ove herjar på svenskegrensa

28. juni 2021, 09:58 av Frank Tangen
ScreenShot041.jpg

Gaute gjorde ein kjempeturnering i Elverum Open. Den sympatiske ungdomen enda til slutt på ein flott 7. plass. No er det trening, hygge og kos fram til heimreise fredag.

Men Gaute var ikkje den einaste av oss som reiste på Harry-tur. Ove Fonn, som i år spelar aktivt for Mascot, tok også turen. Den ferske 70-åringen har no tre turneringar på CV'en i løpet av 14 dagar.

Først spelte han ein knallstart på Vestkanten under Åsane Sommertreff, så prøvde han seg på Elverum Open, men fann ikkje ut av profilen. Med ny kule levert av Mads kasta han seg med på Glåmdalen 50+ der han i skrivande stund ligg på 2. plass.

Veteranen vil mest truleg koma til finalespelet både i sommtreffen på Vestkanten og 50+ på Kongsvinger. Utfordringa er at begge finalane går sundag 4. juli :D.

Bilete: Frå Hardangersideren 2018.