Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Strikarane (Reidar og Olav) vann Duoen

1. juli 2021, 11:42 av Frank Tangen
ScreenShot043.jpg

Seint, men godt sender me gratulasjonar til Reidar Olsen og Olav Røyrvik som med laget "Strikarane" sjølvsagt strika seg til topps i Duo-turneringa. Det var aldri tvil om kven som skulle heilt til topps. Reidar var i storslag og Olav gjorde jobben, dermed enda det med siger 4-0 mot Taktikarane (Terje og Håkon) som nok hadde valgt feil taktikk :).

I semifinalen mellom Taktikarane og Skruarane (Olav Ludvig og Dag) vart det ein særs jamn kamp der Taktikarane drog det lengste strået med 19 pinnars overvekt på totalen.