Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Frank nr 3 i Åsane sommertreff

4. juli 2021, 22:18 av Frank Tangen

Jammen er det godt å kunna tevla igjen. Siste veka har Gaute og Ove vore austom der begge deltok i Elverum Open og Gaute tok seg til mellomspelet og enda til slutt på 7. plass - plassen bak finalen. Ove tok så turen til Kongsvinger, spelte seg inn i finalen i Glåmdalen 50+ og enda til slutt på 7. plass.

Både underteikna, Ove og Gaute heiv seg også med på Åsane sin sommartreff på Vestkanten. Gaute spelte 296 i eine serien i dag og enda til slutt på 10. plass. Ove spelte sine innleiande seriar før austlandsturen og sikra seg 9. plassen. Frank fekk 6. plass i innleiande og finalebillett . I karusellfinalen heldt det til ein flott tredjeplass. Vinnar vart Aleksander Larsen frå Mascot. Sjå resultat i lenke:

https://www.bowlingres.no/turneringer/2021/sane_sommertreff/

No er det nokre rolege dagar før Oppdal lokkar spelesugne kvammamedlemer i slutten av månaden. Så vert det veteran-NM i Oslo for dei gamle og junior-NM i Molde for ungdomen vår i august.