Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute klar for finale i junior-NM

7. aug. 2021, 19:49 av Frank Tangen
Skærmbillede 2021-08-07 11.52.10.png

Denne helga vert forrige sesongs junior-NM arrangert i Molde. Gaute Øye Melstveit opna litt forsiktig i dei seks innleiande rundane med 1029 og 10. plass. I semifinalen slo han til og var bestemann med 1161 på dei seks seriane. Med dette rykka han opp på 5. plass og er dermed klar for finalespelet (topp 6) sundag kl 0800.

Med nylagt parkett i hallen vår og Gaute i finalen inviterer me morgonfuglar til å sjå både den nyoppussa hallen vår og finalespelet på storskjerm i morgon frå kl 0800. Sendeinga vert streama på "solidsport" (du må registrera deg, men det er gratis):

https://solidsport.com/moldebowlingklubb/calendar