Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kjegletrimmen 2021

30. nov. 2021, 12:00 av Frank Tangen

Med desember kjem også Kjegletrimmen snikande. Turneringa der ein brukar siste månaden i året til å kvalifisere seg for finalen første sundagen på nyåret.

KVALIFISERING (desember)
Som før så er det fritt fram å spela så mange kort du berre vil i løpet av desember månad. Kvart kort kostar kr. 30 og inneheld to seriar (nytt av året). Heile påmeldinga går til premiering. I tillegg til kortprisen betalar ein sjølvsagt ordinær seriepris. Handicap er det same som i månadscupen - differansen mellom spelaren sitt snitt på NBF og 200 per serie. Er du ikkje registrert i NBF får du 75 pinnar i hcp.

FINALE (2. januar kl 14)
Dei tre beste korta vert teljande og dei 7 beste + den med flest kort vert med i finalespelet sundag 2. januar 2022 kl. 1400. Finalespelet vert Round Robin - det vil seia at kvar finalist skal spela ein kamp mot kvar av dei andre finalistane. Siger gjev 30 bonuspoeng og uavgjort 15. I tillegg kjem pinnefall og hcp.

Viss du har planlagt speling, så legg dette inn i kalenderen slik at andre også kan kasta seg med.