Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Lokalliga: Siger heime og tap borte

7. feb. 2022, 23:04 av Frank Tangen

Kvam1 - Fyllingen1: 4-1
Fyllingen2 - Kvam2: 5-0

Førstelaget vårt snudde atter ein gong resultatet frå haustens runde på hovudet. Då tapa me 1-4 på Kokstad, men i dag vart det revansje og 4 poeng til oss.

Andrelaget fekk ein tøff bortekamp på ein vanskeleg arena mot eit av 2. divisjonens topplag.

Med desse resultata ligg Kvam2 på nedrykksplass i 2. divisjon, medan førstelaget vårt ligg trygt plassert midt på tabellen. Dei neste to rundane er det heimekampar for begge laga våre, men førstelaget får tøff motstand når dei møter nr. 1 og 2 på tabellen. Andrelaget møter også topplaget i divisjonen, men bør ha gode sjansar mot Åsane5.