Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Tøff lokalligarunde på heimebane

21. feb. 2022, 23:21 av Frank Tangen

Kvam1 - Stord: 1-4
Kvam2 - Åsane5: 1-4

Begge laga våre tapte sine heimekampar måndag. Førstelaget fekk vitjing av stordabuar som ikkje gav ved dørene, medan andrelaget vårt møtte eit ekstremt toppa Åsane-lag.

Andrelaget gjorde ein god kamp og sikra seg eitt poeng med siger i førsteserien. Terje var verkeleg i storslag og spelte 755 over fire seriar. Det gjev nesten 189 i snitt - sterkt! Dag og Olav hang også godt med.

På førstelaget var det igjen Finn som førte an. Han spelte alle fire seriane på 200-talet og enda på 866 totalt. Diverre klarte ikkje underteikna og Reidar å halda fylgje, så me måtte også ta til takke med eitt poeng.

Andrelaget vårt ligg no på nedrykksplass i 2. divisjon medan førstelaget ligg midt på tabellen i 1. divisjon. Førstelaget har to heime- og tre bortekampar igjen. Andrelaget har tre heimekampar og ein bortekamp igjen.