Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Første nedrykksspøkelse blåst vekk

8. mars 2022, 11:27 av Frank Tangen

Alle tre laga våre har rota i sumpen denne sesongen. Sist veke fiksa veteranlaget plassen i 3. divisjon med 3 poeng mot botnrival Metropensjonistane2.

For lokalligalaga er det 2. divisjonslaget som har den tøffaste utfordringa, men dei har også det "lettaste" programmet igjen med tre heime- og to bortekampar. Førstelaget spelte heimekamp mot serieleiar Mascot1 i går og tok 2 poeng i ein jamn kamp. Laget ligg heilt oppe på 5. plass med 29 poeng, men det er kort veg ned til nedrykksplass og me har tre tøffe bortekampar før me avsluttar med heimekamp mot Ove sitt Mascot-lag (Mascot2).

Andrelaget vårt ligg på nedrykksplass med 13 poeng, men har minst ein hengekamp mot rivalane og manglar berre 3 poeng opp til (u)sikker plass. I kveld møter dei Åsane4 som ligg på topp, men med Gaute på laget og heimebanefordel satsar me på minst tre poeng.

https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=10582&Tittel=Kvam1_Mascot1_2-3