Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kvam2 - Åsane4: 4-1

8. mars 2022, 20:22 av Frank Tangen
Kvam2_Aasane4.jpg

I ein særs jamn kamp vippa poenga stort sett i favør av heimelaget i kveld. Våre tre utvalgte gjorde ein glimrande jobb mot topplaget i divisjonen. Olav Ludvig vart bestemann og spesielt sisteserien hans var imponerande; etter å ha opna med fire hol på dei fem første rutene enda han opp med 190 i score. Formann Terje opna og avslutta litt forsiktig, men hadde to kanonseriar i midten. Gaute har vel hatt betre dagar, men han var på plass når det trongst.

Dermed rykka andrelaget vårt vekk frå nedrykksplassen og har i tillegg to hengekampar til gode i forhold til Åsane5 som ligg på plassen over oss.

Bilete: Terje takkar Åsane-gutta for kampen medan Olav Ludvig reknar poeng og ungdomen driv med straffetrening.

KAMPDETALJAR:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=109976

TABELL:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2021&Id=1437