Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Reidar var best av våre i denne lokalligarunden

21. mars 2022, 21:50 av Frank Tangen

Det vart to jamne kampar i kveldens lokalligarunde. Kvam2 tok i mot BBC1 i Øystese og laga vann kvar sine to seriar, men bergensarane fekk ein pinne meir på totalen og vann dermed kampen 3-2. Gaute opna forsiktig i dei to første seriane, men spelte seg opp mot slutten og vart bestemann på heimelaget med 761. Håkon og Olav Ludvig hadde to gullseriar og to blå seriar kvar og enda på nedre del av 600-talet.

Førstelaget spelte mot Åsane3 på Vestkanten. Også denne kampen var rimeleg jamn, men med kvemmingane hakket betre enn Åsane-gutta vart det siger 4-1 til oss. Finn opna knallsterkt med 246 medan Reidar avslutta med same siffer. Reidar vart einaste spelar over par med sine 825, men både Finn og underteikna låg rett i vasskorpa med 783 og 796.

1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1436&sesong=2021&runde=19044

2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1437&sesong=2021&runde=19062