Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

VELLUKKA SENIORTURNERING I PÅSKA!

17. april 2022, 18:36 av Frank Tangen

Det såg spøkje ut med deltaking på NBF-turneringa vår når me starta opp sist måndag, men etter kvart seig det på med deltakarar og summa sumarum må me som arrangør seia oss godt nøgde. Fekk også nokre kroner i kassa.

Resultatmessig var det også bra av våre eigne spelarar med Finn Olesen og Frank Tangen som dei beste med andre- og tredjeplass. Janne Monsen (Molde) vart vinnar av turneringa medan siste premieplassen gjekk til Gunvor Rosenkilde (Norsia).

Me takkar alle deltakarar og gjester som fekk ein smak av våren i vakre Hardanger. Ein ekstra takk til alle som har stått på for å få arrangementet til å gå rundt. Så ynskjer me velkomne attende til turneringa Hardangersider i oktober.

https://www.bowlingres.no/turneringer/2022/hardangersenior_2022_50/