Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gull til Ove og Frank i dobbel og Ove i singel

7. mai 2022, 16:55 av Frank Tangen
-2600515025014418108.jpg

Kvammaspelarane, som her spelte for Åsane Senior Bowlere, tok godt for seg i Nordisk Meisterskap for dei godt vaksne i Ålborg i Danmark. Fredag var det singel i 5 ulike aldersklassar. Ove var i kanonslag og sikra seg gullet i klasse C med 1276 pinnar over 6 seriar. Det var også det beste resultatet uansett klasse.

Laurdag var det dobbel som stod på programmet. Der var det berre to klassar; dame- og herreklasse. Ove og Frank spelte jamt med 788 og 801 over fire seriar. Totalt 1589 som heldt til gull med 9 pinnars margin til dei danske sølvvinnarane.

No er det klart for bankett og premieutdeling før me siglar heim att med danskebåten i morgon.

RESULTATLISTER:
http://bowlingresults.info/nm/2022/