Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Gaute med kanonspel på Flisa

29. mai 2022, 15:17 av Frank Tangen

Me gratulerer Gaute med kjempespel og 5. plass på Flisa denne helga. Hans tre innleiande startar var faktisk dei tre beste kvalifiseringsseriane som vart spelt av alle i det sterke feltet. 986, 933 og 908 er heilt utruleg bra. Det gjev eit snitt på 236 over tolv seriar. I den teljande starten på 986 hadde Gaute tett på 247 i snitt per serie.

I mellomspelet vart all score frå innleiande spel sletta, så alle dei ti som gjekk vidare stilte med blanke ark. Igjen gjorde Gaute ein sterk start. 841 på 4 seriar gjev 210 i snitt, men diverre for vår mann så vart det poengdeling i kampen om første finalesteget med Jens Mathiesen som også spelte 841. Og sidan Jens hadde beste sisteserien (235 mot Gaute sine 202), så fekk han finaleplassen. Kred til Solør-ungdomen som makta presset og tok tiar-kjegla i siste kastet.

Vinnar av ungdomsturneringa vart Jonas Dammen (Solør), som verkeleg hadde dagen i dag. 1011 på dei fire mellomspelseriane pluss 211 og 243 i stegfinalen.
Me gratulerer!