Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Fantastisk speling av vårt ferskaste klubbmedlem

16. nov. 2022, 22:10 av Frank Tangen

Som sikkert dei fleste har fått med seg så har me opna ei avdeling på Askøy. Avdelinga består av Svenn Rune og Randi Hansen og barnebarnet Celine Larsen og hennar samboar Robert Lindberg. Alle fire er solide spelarar og ei flott forsterking for klubben i tillegg til at det er ein triveleg gjeng. Alle fire har allereie spelt ligakampar for klubben med stor suksess.

Ser me individuelt på askøyavdelinga så er det spesielt Robert som verkeleg har slått til. No visste me at han er ein solid spelar, men det han har vist til no er heilt vilt. På to ligakampar og ein turneringsstart står han med eit snitt på over 235. Det er det høgste NBF-snittet av samtlege spelarar i år. Han spelte turneringa Størksen-striken i kveld og toppar suverent så langt. Randi spelte også bra i dag med to av seks seriar over 200.

Me gratulerer askøyværingane og ynskjer lukke til vidare.