Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

4. plass til Robert og Randi i Størksen-striken

20. nov. 2022, 21:12 av Frank Tangen

Dei to kvammaspelarane som deltok i den første utgåva av minneturneringa Størksen-strikem fekk kvar sin 4. plass. Randi Hansen i klasse CDEF og Robert Lindberg i klasse AB. Robert leia etter innleiande og starta bra i dei første pp-kampane, men ein litt sliten avslutning dytta han ned frå pallplass. I klasse CDEF var det karusellfinale og Randi vart knepent slått ut i første runde.

Me gratulerer begge med ei flott turnering med mykje bra spel. Gratulasjonar også til Terje Sivertsen (Åsane) for siger i klasse CDEF og Mathias Kjær (Mascot) i klasse AB.