Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Turneringar i kø

24. nov. 2022, 11:50 av Frank Tangen

Me går inn i ein periode med mange turneringar for medlemer både med og utan NBF-lisens. Det er lagturneringar, vanlege turneringar og turneringar for oss godt vaksne samt for den yngre garde. Her kjem ei lita oversikt:

------------------------------------------------
3. - 4. DESEMBER KM-LAG PÅ KOKSTAD (Lucky Bowl)
Først ut er årets kretsmeisterskap for lag. Her bør me minst klara å stilla med to lag, kanskje tre. Tradisjonelt har klubben stått for den økonomiske biten når det gjeld påmelding, og det reknar eg med at den framleis gjer.

https://bergenbowlingkrets.files.wordpress.com/2022/11/km-lag-2022.pdf

--------------------------------------------------
3. - 18. DESEMBER PERS VETERANREFF 50+ PÅ GOL
For den litt eldre garde (50 eller eldre) er det fristande med ein Gol-tur før jul. Veterantreffet der oppe er populært både grunna eit særs triveleg miljø, intim hall, låg deltakaravgift og høge premiar.

https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=10958&Tittel=Hallingkast%20BK_Plakat%20Veteran2022

----------------------------------------------
14. - 18. DESEMBER JULESTRIKEN PÅ STORD
Dei som tykkjer det vert for heftig å dra over fjellet til Gol kan ta turen til Stord. Der arrangerer dei Julestriken med finalespel 18. desember, og der slepp også ungdomen til. Flotte premiar i alle klassar og billig førstestart hjå det trevliga vertskapet på Heiane.

https://data.bowling.no/dokumenter/?Id=10952&Tittel=Jule%20Striken%2022

-----------------------------------------------
28. NOV. - 31. DES. MÅNADSCUP OG KJEGLETRIM I KVAM
Men før alt dette så har me Månadscupen for november no på sundag kl 18, så startar Kjegletrimmen opp 1. desember med kvalifiseringsspel heile desember for ein pp-finale for dei 7 beste + den mest aktive spelaren første sundag på nyåret.