Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Kjegletrimmen 2022 - kvalifisering

30. nov. 2022, 12:53 av Frank Tangen
kjeglesnitt.png

Med desember kjem julekalenderen, - pluss Kjegletrimmen. Kva det er mest spanande å opna er usikkert, men begge er jaffal flotte tradisjonar. Dette er den 12. kjegletrimmen me arrangerer. Den første var det året me overtok hallen - i 2010.

Dette er ei turnering som går heile desember med finale første sundagen i det nye året for dei 7 beste + den spelaren med flest kort.

Kvart kort inneheld tre seriar og dei tre beste korta dine vert teljande i kvalifiseringa. Kvart kort kostar kr. 30 og du kan spela så mange kort du vil i heile desember. Heile inntekta frå kortsalet vert brukt til premiering. Har du starta på eit av korta, må alle tre seriane spelast forløpande.

Alle spelarar med eit registrert snitt under 200 får tildelt handicap. Vedlagt liste viser kor mykje hcp du har. Er du ikkje registrert i vår hcp-liste eller på NBF si snittliste, får du 75 pinnar i hcp per serie (225 per kort).

Årets hcp-liste er basert på meir enn 850 seriar spelt i vår hall i løpet av 2022. Eg har henta ut resultat både frå klubbmeisterskap, månadscupar (dei som var mogelege å opprdriva), veterankampar, turneringar og lokalligakampar.