Dei gamle er framleis eldst
Det vart ein nervepirrande finale i kretsmeisterskapen for lag på Kokstad mellom Ove Fonn sitt Macot-lag og vårt Askøy-lag supplert med Gaute. Me kom inn i finalespelet som 4. og siste finalelaget, men ungdomane våre knuste to Åsane-lag i stegfinalane og berre Ove sitt lag kunne hindra oss i å bli kretsmeistrar for 2022.
Laga fulgte kvarandre heilt til i tiande ruta, men der fekk Mascot full utteljing på to av tre spelarar medan me fekk to holruter og kom dermed 14 pinnar for kort til å henta tittelen.
Me gratulerer vårt lag med ein flott prestasjon og Mascot som vant både klasse AB og den endelege tittelen som kretsmeistrar. På vårt lag spelte Celine Larsen, Robert Lindberg, Gaute Øye Melstveit og Svenn-Rune Hansen. Mascot sitt vinnarlag bestod av Ove Fonn, Bård Horgen og Thomas Samuelsen.