Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Bra lokalligarunde for laga våre

12. des. 2022, 21:08 av Frank Tangen

2. divisjonslaga våre hadde heimekamp mot nr 3 og 4 i divisjonen medan førstelaget skulle møta Mascot1 i løvens hule. Me hadde planlagt godt for denne runden og ungdomane våre følte at dei hadde litt å revansjera etter å ha blitt snytt for kretsmeistertittelen på målstreken. Difor fekk dei same tre (Gaute, Celine og Robert) høve til å retta det opp att med kampen mot Mascot1.

- KAMPDETALJAR MASCOT1 - KVAM1: 1-4:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=113029

Og det gjorde dei til gangs. Gaute sette standarden med 277 i førsteserien, så fulgte Robert opp med 289 i serie nr 2. Tredjeserien var også bra, men då sneik Mascot seg forbi før ungdomane heldt nervane under kontroll og sikra seg fjerdeserien og dermed sterke 4-1 mot førstelaget til Mascot på Vestkanten - IMPONERANDE!

- KAMPDETALJAR KVAM3 - BBC1: 4,5-0,5:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=113122

Kvam3 er laget til Gaute, men snittalderen på laget steig nokre år når Reidar, Finn og underteikna entra parketten mot BBC1 i Øystese. Når det stod igjen tre ruter i førsteserien så leia me med meir enn 100 poeng. Likevel klarte me å rota det vekk slik at BBC fekk karra til seg eit halvt poeng. Men så var det slutt på å dela ut julepakkar. Me spelte trygt og godt og vann til slutt 4,5 - 0,5.


- KAMPDETALJAR KVAM2 - ÅSANE4: 2-3:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=113121

Kvam2 møtte tøff motstand i Åsane4 som låg på 3. plass før denne runden. Det vart ein litt berg- og dalbanekamp der Åsane vann 1. serien, me serie nr 2 før Åsane hudfletta oss i serie 3 og me slo attende i serie 4 med Terje i storslag. Med totalen til bortelaget enda kampen med tap 2-3.

Dermed tar me juleferie på bronseplass både i 1. og 2. divisjon :)