Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Randi nr. 5 i Jule Striken på Stord!

18. des. 2022, 19:56 av Frank Tangen

Det var mange kvammaspelarar i aksjon i turneringar denne helga. Og best av alle våre var det Randi Hansen som vart. På ein særs utfordrande profil på Stord kapra ho siste finaleplassen. I første finalesteget møtte ho Ove Fonn, som no spelar for Mascot. Det vart ein klar siger til Randi og ho var klar for å møta Stord-spelaren Torleif Arne Sælen i neste steget. Der kom Randi 15 pinnar for kort, men duverda kor imponerande dette var. Me gratulerer Randi med ein flott 5. plass og Ove med 6. plass.

Nestbest av våre spelarar var det Celine som var. På dei seks kvalifiseringsseriane låg ho og veksla mellom å bli med i finalen eller hamna rett utanfor. Etter at dei seks innleiande seriane var unnagjort enda ho på 8. plass, 26 pinnar bak finalekutten.

Ein kan trygt seia at dette var damenes aften. For me med snabel i front kom ikkje i nærleiken av finalespel, verken Svenn-Rune, Robert eller Gaute hadde nokon god dag på Stord. Og for underteikna som prøvde seg på veterantreffet (50+) på Gol, vart det 23 pinnar for lite og tilskodarplass i finalen.

Men særs kjekt at så mange av oss deltek på desse turneringane. Det er slik me lærer å forbetra spelet vårt - ikkje ved å kosespela på bane 4 i vår trygge, men akk så krevjande hall :D

- Vinnarar vart Ronny Lygre frå Cross i Jule Striken og Guttorm Bjørøen frå arrangørklubben Hallingkast i veterantreffet.

INNLEIANDE RUNDAR:
-----------------
JULE STRIKEN (Stord)
https://www.bowlingres.no/turneringer/2022/jule_striken/rapport/?Puljesegment=14367&Report=Standard


PERS VETERANTREFF (Gol)
https://www.bowlingres.no/turneringer/2022/veterantreff_50/rapport/?Puljesegment=14368&Report=Standard