Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Olav med ny pers og siger i Kveldspotto

13. jan. 2023, 21:34 av Frank Tangen
kveldspotto (2).png

Det var dobbelt så mange deltakarar på Kveldspotto i kveld i høve til sist, men framleis er det plass til fleire. Olav Røyrvik vart dagens mann med ny pers på 243 i rein score og 294 inklusiv hcp. Det vart gjort nokre forsøk, men ingen var i nærleiken av den scoren. Men det var mykje bra speling i kveld. Av 24 spelte seriar var 14 av dei over 200 i rein score!
------------------------------------------------------------------
Neste utgåve av Kveldspotto er fredag 20.01 kl 18.00
------------------------------------------------------------------

REGLAR:
Kveldspotto er spel og leik med litt alvor innimydlo. Kvar spelar blar opp kr. 100 og den med kveldens HØGSTE ENKELTSERIE inkl. hcp stikk av med kveldens pott. Betaling av tal seriar kjem i tillegg. Du får maks fire forsøk frå kl 18. Ved lik høgste serie vert nesthøgste serie avgjerande osv. Siste forsøk må vera starta på seinast kl 20.

HCP
Me brukar same hcp som Kjegletrimmen.
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=11043&Tittel=Handikap