Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Ny jamn kamp mot Stord med smultring i bagasjen

16. jan. 2023, 23:03 av Frank Tangen

I opningskampen i lokalligaen på heimebane i august spelte me ein jamn kamp mot Stord, men alle seriane vippa i gjestene sin favør. I kveld var me gjester hjå det hyggelege vertskapet på Heiane og utanom opningsserien så vart det tre jamne seriar, men atter ein gong med stordingane hestehovudet i front. Med dette resultatet gjekk me frå 3. plass til rett over nedrykk, så det er utruleg jamt i 1. divisjon.

Elles så er det jo ei god dagsreise med ein Stord-tur midtvinters. Me reiste frå hallen kl 13.30 og var heime kl 23.00 så 9,5 time tok det. Men med trivelege gjester i bilen og god matauke på ferja så gjekk det bra sjølv om me til tider hang litt med hovudet på heimturen. Om ei veke er det blanke ark og nye kostar når Askøy-gjengen skal blåsa Åsane1 av parketten på Vestkanten :)

https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/VisKampRes.php?kamp=113034