Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Her må ein ha tunga beint i munnen...

18. jan. 2023, 23:52 av Frank Tangen
InkedSkærmbillede 2023-01-20 10.49.15.jpg

No har me akkurat starta på siste halvdel av lokalligaen og allereie no byrjar ting å floka seg til. Utfordringa ligg i at det er ulikt tal serierundar i 1. og 2. divisjon. Dermed vert det ein heil jobb å finna ut kven som kan spela kampane for dei ulike laga våre. Regelverket seier at ein spelar ikkje kan spela for to lag i same runde og heller ikkje i same kampveke.

I skrivande stund skal me til med runde 13 i 2. divisjon medan 1. divisjon skal avvikla runde 11 komande måndag. Det går sånn nokolunde å ha tråden i dette sjølv om me heldt på å gå på ei blemme i stordkampen sist veke, men det vert berre verre og verre utover sesongen. I 2. divisjon skal det spelast 22 rundar medan 1. divisjon har 18.

Vel, eg har laga eit forslag (sjå illustrasjon) der eg allereie har tatt ut laga til dei resterande kampane i 1. divisjon då det er der det er lett å rota. Mitt forslag, som altså er eit FORSLAG, er at askøyavdelinga tar dei resterande bortekampane medan Reidar, Finn og eg står for heimekampane. Eg har putta på spelarar på nokre av kampane til Kvam3 også.