Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Dag fekk has på Kveldspotto

20. jan. 2023, 22:22 av Frank Tangen
Skærmbillede 2023-01-20 12.21.10.png

Bra deltaking og tøfffe tak under kveldens pottekamp. Underteikna opna med 238, men rekna ikkje med at det heldt kvelden ut. Ganske riktig, for i andre serien smelte Dag til med 258 pinnar. Dermed var oppgåva satt og gjengen kasta seg frampå.

Dag såg lenge ut til å høyna scoren i serie 3, men avslutta litt dårleg. Gaute låg også godt an til å ta Dag når han gjekk laus på niarruta. Ein strike der og han ville truleg fått potto med seg, men tiarkjegla stod fjellstøtt og han måtte nøya seg med 245.

-------------------------------------------------------
Neste Kveldspotte vert fredag 3. februar kl 18
-------------------------------------------------------

Me kom litt seint i gang med pottespelet, så etter tre seriar var tidsvindauga stengt og den stillfarne veteranen kunne skrangla myntane saman og gå helga lyst i møte.