Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Dag er verkeleg i støtet

24. jan. 2023, 09:40 av Frank Tangen

Fredag sikra Dag Tjosaas seg kveldspotta med solid spel. Måndag fulgte han opp med glimrande spel mot Mascot4 på Vestkanten, så karen er tydelegvis i form. Det vart to 4-1-sigrar for andredivisjonslaga våre denne runden og eitt viktig poeng for førstelaget som hadde ein tøff bortekamp mot Åsane1. Ny sterk kamp av Robert sjølv om frustrasjonen tok svensken i sisteserien.

Neste runde er det ny bortekamp på Vestkanten for Kvam1,- då mot andrelaget til Åsane som ligg 1,5 poeng bak oss. I 2. divisjon har Kvam3 klatra opp på 2. plass og skal ta i mot leiarlaget Nygård i Kvam, medan Kvam2 møter Mascot4 på Vestkanten.

Vestkanten viste seg frå si vanlege side med mykje banetrøbbel på absolutt alle banane. Særs ofte var det kjegler som måtte setjast opp att, så dei stakkars tilsette fekk verkeleg jobba for kronene denne kvelden.

1. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1511

2. DIVISJON:
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?Id=1512&sesong=2022&runde=19802