Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Forslag til laguttak for resten av lokalligaen 22/23

29. jan. 2023, 22:26 av Frank Tangen
Skærmbillede 2023-02-06 21.28.05.png

På kveldens medlemsmøte vart det foreslått at laguttak i lokalligaen skulle gjerast av ein person i staden for tre som me har hatt til no. Dette for å ha litt meir tråden i den utfordrande kabalen kretsen har lagt opp til.

Underteikna tok på seg å stå for laguttaka resten av sesongen som ein test. Meininga er at alle lisenspelarar i klubben sender melding til underteikna om korleis deira kalender er framover og at eg dermed kan ta ut laga basert på dette.

No har eg gjort eit forsøk på å ta ut laga i alle tre divisjonane for resten av sesongen UTAN å ha konferert med dykk (sjå illustrasjonen over her - opne først artikkelen ved å klikke på overskrifta, så klikkar du på illustrasjonen for å sjå den i full storleik).

Det eg då tenker er at du sjekkar korleis forslaget ser ut for deg og sender meg melding på 41573625 på om oppsette datoar fungerer for deg eller ikkje.