Bowling • Sport • Morro

Alle kan spille bowling. Her finner du nyheter, bilder, resultater og annet fra idretten vi er så glade i.

bowling.no

Olav var igjen frampå og tømte Kveldspotto

3. feb. 2023, 20:16 av Frank Tangen
Skærmbillede 2023-01-20 12.21.10.png

Kveldens pottevinnar imponerte med storspel heile kvelden og etter å ha veksla litt på potteeigaren i dei to første rundane gjorde Røyrviken kort prosess med 243 og 244 på dei to siste seriane. Dermed er han dobbeltvinnar etter at potto starta opp att i år. Men det er alt for god plass på parketten, så neste fredag vert siste forsøk på pottespel viss ikkje det tek seg opp.

--------------------------------------------------------------
Neste (og siste?) Kveldspotte fredag 10. feb. kl. 18
--------------------------------------------------------------

REGLAR:
Kveldspotto er spel og leik med litt alvor innimydlo. Kvar spelar blar opp kr. 50 og den med kveldens HØGSTE ENKELTSERIE inkl. hcp stikk av med kveldens pott. Betaling av tal seriar kjem i tillegg. Du får maks fire forsøk frå kl 18. Ved lik høgste serie vert nesthøgste serie avgjerande osv. Siste forsøk må vera starta på seinast kl 20.

HCP
Me brukar same hcp som Kjegletrimmen.
https://klubber.bowling.no/kvam_bk/dokumenter/?Id=11043&Tittel=Handikap