Ny tøff bortekamp for førstelaget i lokalligaen
Andredivisjonlaga våre har fått ein god start på det nye året, men for førstelaget brenn det eit blått lys. 1 poeng av 15 mogelege på årets kampar er dramatisk, men denne starten på det nye året er også som forventa. Me hadde mange heimekampar før jul og klarte heldigvis å opparbeida oss litt poeng, men no byrjar det å tæra på desse. I kveldens kamp mot Åsane2 spelte askøylaget vårt bra, men åsanegutta med Hodel i spissen hadde verkeleg dagen. Me bøyer oss i støvet og gratulerer dei med ein kjempekamp.
For andredivisjonlaga våre gjekk det poengmessig mykje betre. Kvam2 spelte ein solid bortekamp mot Mascot4 og kunne med litt flaks fått med meir enn dei 3 poenga dei tok. Sterkt!
Kvam3 stilte med eit sterkt lag mot tabelltopp Nygård, så sigeren var som forventa, men det er alltid vanskeleg å vinna 5-0.
No vert det ein ekstrarunde på andredivisjonslaga våre komande måndag. Kvam2 skal opp mot eit revansjesugent Nygård på Kokstad, medan Kvam3 bør ta dei fleste poenga mot Vestkanten på heimebane.
---------------------------------------
DETALJAR:
2. divisjon
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1512
1. divisjon
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1511