Medaljedryss på Kvam-spelarar i Kretsmeisterskapen
Me stilte både manns- og kvinnesterke til årets KM for singel og dobbel på Kokstad denne helga. Diverre hadde me ingen i juniorklassen, men dei andre klassane fylte me godt opp både på deltakarlista og medaljefordelinga.
Etter å ha summert opp alt trur eg faktisk at alle åtte deltakarane frå klubben fekk daljer - det er sterkt. Det var mykje bra speling denne morsdagen. Og ei av mødrene stod for mykje av dette spelet. Celine spelte 1240 i rein score på det innleiande spelet; nesten 207 i snitt over seks seriar. I dei to finalespela spelte ho 215 og 265, så den unge fruen er i godt slag.
Men gemalen vart absolutt ingen statist fordi om Celine spelte bra. 1491 på dei seks innleiande seriane inklusiv ein 299-serie, der siste kastet også var veldig bra, gjorde at han vant klasse AB med nesten 100 pinnar. I finalen mot Brian Kjær var han ein strike i førstekastet i tiarruta frå å bli kretsmeister, men ei dårleg levering enda den draumen og Brian kunne heva trofeet.
------------------------
DAMER
Klasse ABC singel
nr. 1 Celine Larsen
nr. 2 Randi Hansen
Klasse ABC dobbel
nr. 1 Celine og Randi
-----------------------
HERRER
Klasse AB singel
nr. 1 Robert Lindberg
nr. 3 Frank Tangen
Klasse AB dobbel
nr. 1 Gaute Øye Melstveit og Robert
nr. 3 Svenn Rune Hansen og Frank
Klasse CD dobbel
nr. 2 Olav Ludvig Haabrekke og Olav Røyrvik
-------------------
KRETSMEISTER UANSETT KLASSE
Damer
- Celine Larsen (Kvam)
Herrer
- Brian Kjær (Mascot)
------------------
https://www.bowlingres.no/turneringer/2023/km_sgldbl_bbk/resultater