Resultat som forventa i lokalligaens 2. divisjonsrunde
13. feb. 2023, 22:33 av Frank Tangen
I kveld vart ein av desse håplause ekstrarundane i 2. divisjon spelt. Får verkeleg håpa at kretsen får orden på dette for neste sesong.
Kvam3 møtte Vestkanten i Øystese og vant oppskriftsmessig 4-1. Opprykksrivalen Nygård hadde heimekamp mot Kvam2 og brukte kvemmingane som gulvfiller på Kokstad. Nygård spelte sin beste kamp for sesongen og tok alle 5 poenga.
Den tredje opprykskandidaten BBC1 slo Os 5-0 og heng difor med i toppkampen der det no skil 7,5 poeng mellom Nygård på topp og BBC1 på 3. plass. Kvam3 ligg midt innimydlo.
https://data.bowling.no/ligaspill/resultater/index.php?sesong=2022&Id=1512